top of page

BETALING

Her  finn du prisar og rabattordningar på dei forskjellige tilboda i kulturskulen. Det blir fakturert ein gong kvart semester. 

 

For søsken vert det gitt søskenmoderasjon. For husstandar med låg inntekt kan ein søkje om redusert betaling.

 

sangEllerAnnet.jpeg

Prisar   –  Kr/semester

Instrumentopplæring/song

2.002,-

Utvida speletime

2.544,-

Instrument/song for vaksne

3.992,-

Utvida speletime – vaksne

4.731,-

Gruppeundervisning

986,-

Grupper m/materialkostnader.

1.842,-

Oppfinnarklubben

110,-

Gruppeundervisning vaksne

1.997,-

Instrumnetleige

440,-

Fordjupingstillegg

634,-

Søskenmoderasjon

30-50%*

Inntektsbasert rabatt 

0-100%*

Redusert-betaling

Redusert eigenbetaling

Vestre Slidre kulturskule ønsker å vere ein kulturskule for alle. Derfor er det høve til å søke om redusert betaling for husstandar med låg inntekt. Søknadane blir vurdert ut frå to faktorar.

  • tal barn i husstanden – uavhengig av kor mange som er med i kulturskulen.

  • Kor mange G husstanden har i samla skattbar inntekt. G = grunnbeløpet i folketrygda.  Med skattbar inntekt reknast «Sum grunnlag for inntektsskatt» i skattemeldinga.

Ordninga gjeld i utgangspunktet for ein aktivitet pr. barn. Men om ein får innvilga søknad vil ein same år også få 30%  "fleirfagsrabbat" på fag meir enn eitt. 

Betaling av plass i kulturskulen vert gradert slik (0%=gratis, 100%=full betaling)

Skjermbilde 2024-05-02 kl. 16.06.33.png

MERK: Grunnbeløpet i folketrygda blir justert kvart år frå 1. mai. Oppdaterte grunnbeløp finn ein her når dei er fastsett.  

Dokumentasjon av inntekt

Inntekt må dokumenterast med skattemelding for siste året. Du finn den i Altinn. Dersom ein hushaldning ikkje har skatteopplysningar frå førre året, eller det har vore ein vesentleg og varig nedgang i inntekta til hushaldninga, kan ein leggje fram alternativ dokumentasjon.

Kva reknast som ei hushaldning?

Ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar blir rekna som ei hushaldning.

To ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn, blir rekna som sambuarar.

Ved delt omsorg der barn bur fast hos begge foreldre, blir foreldrebetalinga rekna ut ut frå inntekta til den som har same folkeregistrerte adresse som barnet.

Søknad og søknadsfrist

Det må søkast på nytt for kvart kulturskuleår.

Fristen for å søke er 1. oktober.

Søknadsskjema finn ein her.

bottom of page