Tilbod for ein kvar smak
Vi har eit breitt spekter av aktivitetar og vonar at alle kan finne ein aktivitet dei likar. Nedanfor finn du ei oversikt over aktivitetane sorterte i ulike kategoriar.
Dei fleste tilboda er for både born og vaksne, men born blir prioriterte om det er vanskeleg å få plass til alle.
Aktivitetar ein kan søkje på
Klikk på tilboda for å lese meir.
Om undervisninga
Undervisninga i kulturskulen følgjer skuleruta for grunnskulen. Men nokre gonger kan det i enkelte fag vere hensiktsmessig å starte ei veke seinare i august eller avslutte ei veke tidlegare i juni.
Undervisninga består i timar og konsertar, framsyningar, samspel, utstillingar og andre tiltak vi finn tenlege for elevanes utvikling.
Timane kan variere frå 45 - 90 minutt på gruppeundervisning. Ein-til-ein-timar på instrument er normal 22,5 minutt. På instrument kan ein søkje om "utvida tid". Då får ein 10 minutt ekstra.
