top of page

OM Å SØKJE PLASS I KULTURSKULEN

Velkommen til Vestre Slidre kulturskule!

Kulturskulen har hovudopptak om våren, med søknadsfrist i mai (Sjå oppslag på startsida her, eller på ommunas heimeside). Men vi kan ta inn elevar heile skuleåret om det er ledig plass på tilbodet.

Er du under 18 år, må du søkje saman med ein føresett. Om du berre vil halde fram med eit tilbod du allereie er med på, treng du ikkje gjere noko. Dersom du allereie er elev, må du logge inn og melde deg på nytt fag. For å sikre at kontaktopplysningar er oppdaterte, må ein bekrefte desse kvar gong ein søkjer. Etter kvart som elevane får eigen e-post og telefon, er det fint om dette blir oppdatert.

Skjema for å søkje finn du her:

Når du søkjer, får vi melding om at søknaden er komen. Når vi har lese søknaden, får du eit brev om at søknaden er godkjent. Søknaden blir alltid godkjent, med mindre du har søkt eit tilbod du ikkje er i målgruppa for.

Når vi ser søkjarlista, gjer vi det vi kan for å legge ein kabal med lærarar og andre ressursar, slik at flest mogleg får plass. I Vestre Slidre er vi i ein situasjon med aukande ventelister, så det kan vere lurt å søkje før fristen. På nokre fag kan vi også ha eit avgrensa tal plassar. Til dømes har vi berre 10 plassar på Barneteater. Det er enda eit argument for å søkje innan fristen.

Seinast rett før skulestart på hausten vil du få ein e-post med opplysningar om kva du har kome inn på, når du skal møte, og namn og kontaktinformasjon til læraren din.

Kulturskula_trykk-2-10 Forventning -søkje plass.jpg

Foto: Lukkeleik

bottom of page