top of page
Skjermbilde 2024-05-02 kl. 14.35.44.png

Relement for Vestre Slidre kulturskule

Den som tek mot  tilbod om plass i kulturskulen må også godta reglane som gjeld for Vestre Slidre kulturskule:

1.

Undervisninga i kulturskulen følgjer skuleruta for grunnskulen. Men nokre gonger kan det i enkelte fag vere hensiktsmessig å starte ei veke seinare i august eller avslutte ei veke tidlegare i juni.

2.

Ein søkjer om plass i kulturskulen på søknadsportalen ein finn link til på heimesida til kulturskulen (www.vsks.no).  

 

3.

Kulturskuleadministrasjonen tek opp elevar i samråd med faglærar. Ein evt. klage på opptak sendast til Vestre Slidre kommune, ved Vestre Slidre kulturskule.

 

4.

Etter opptak beheld ein plassen til den vert sagt opp. Om ein ynskjer å seie opp ein elevplass er det naturleg å gjere dette for kommande skuleår. Utmelding skal skje i søknadsportalen eller på e-post til rektor før 1.mai.  

 

5.

Elevavgift betalast pr. halvår. Faktura blir normalt sendt i november og mars. Om ein vel å slutte midt i eit skuleår, betalar ein ut det semesteret ein sluttar i. Dette gjeld ikkje ved flytting eller langvarig meldt sjukdom.

 

6.

Alle som får undervisning på instrument/song må vere villige til å møte førebudd og presis til timane. Undervisninga kan variere mellom individuelle timar, gruppebasert undervisning, teoribolkar, prosjekt eller framsyningar/konserter. Føresette kan med fordel vere med i timane for å hjelpe elevane.

 

7.

Dersom eleven gjennom eit skuleår mister meir enn 20% av planlagt undervisning  – og det ikkje kan reknast kompensert gjennom samspel, ekskursjonar, framsyningar eller anna aktivitet utanom den planlagde undervisninga – kan eigenbetalinga reduserast tilsvarande  reduksjonen i aktivitet.  

 

8.

Ved stadig fråvære utan melding, manglande interesse eller innsats, og av disiplinære grunnar, kan kulturskulen nekte eleven undervisning. Dei føresette skal vere varsla på førehand. Dei føresette kan klage på vedtaket, dette sendast til Vestre Slidre kommune, ved Vestre Slidre kulturskule.

 

9.

Elevane må kjøpe noter og anna materiell sjølve. Unnateke er standard materialar på gruppetilbod med høg pris. Der er materialkostnaden innbakt i prisen.

 

10.

Det vert gitt søskenrabatt for husstandar med meir enn eitt barn i kulturskulen. Søskenrabatten gjeld eitt fag pr. barn meir enn eitt.  - Barn nr. 2 får 30% rabatt.  - Barn nr 3, 4, 5 osb. får 50%.  

 

11.

For husstandar med låg inntekt kan det være aktuelt å søkje om redusert betaling eller betalingsfritak. Prisane blir gradert etter inntekt og tal på born i husstanden. Ordninga gjeld i utgangspunktet på ein aktivitet pr. barn. For dei som kjem inn under ordninga kan ein få fleirfagsrabatt. Detaljane i dette er her.

Desse 9 punkta er vedteke i kommunestyret 2. mai 2024.

bottom of page