top of page

CELLO

Cello er eit strykeinstrument som kan brukast i mange ulike samanhengar. Klangen i celloen er varm og vakker. På cello kan ein både spele lyse melodiar og mørke bass-stemmer. Den er ein viktig del av orkesteret, men ein kan òg vere heilt åleine, med piano eller i band. I celloundervisninga lærer du òg å spele etter notar. I tillegg til einetime kvar veke, tilbyr vi gruppetimen "Veslefrikk” for alle nybyrjarane på fiolin og cello, med fokus på leik og læring i fellesskap. Denne gruppetimen er gratis.

Valdresstrykerne er orkesteret for dei noko erfarne elevane. Orkesteret er inndelt i ulike nivå og alder, og det finst både strykeorkester, celloensemble og salongorkester med blåsere og piano.  Orkesteret gjev konsertar og tilbyr seminar og turar både i inn- og utland.  

 

Frå 8. klasse er det mogleg å bli med i Landstrykerne i tillegg, eit ungdomsorkester for elevar frå heile Innlandet. 

Alder: Frå 6 år.

 

Lærar: Susanne Engelmann.

GRATIS OG UFORPLIKTANDE PRØVETIME! TA KONTAKT PÅ 908 65 376 (Susanne).

Cello-ada_edited.jpg

Foto: Susanne Engelmann

bottom of page