top of page

Ungdsomskor

Hausten 2025 startar vi opp eit ungdomskor! Dette er for ungdom frå 8. klasse og oppover. Likar du å syngje saman med andre, er dette noko for deg. Sidan det er eit nytt tilbod, vil repertoar og stil spegle koret, men vi tek utgangspunkt i populærmusikk. Tilbodet krev ingen forkunnskapar, anna enn at ein ønskjer å syngje saman med andre! Dette er eit kor med plass til ungdom frå heile Valdres.

​

Undervisninga følgjer ikkje nødvendigvis skuleåret, slik som mange andre tilbod i kulturskulen. Vi tilpassar korøvingane med omsyn til eventuelle konsertar og helgeøvingar.

​

Øvingane blir i Vestre Slidre kulturhus.

​

Alder: Ungdomsskule VGS og oppover.

 

Ungdomskoret blir leia av Marit Warberg Vestheim.

Ungdomskor.2.jpeg

Foto: Susanne Engelmann

bottom of page