top of page

FIOLIN

Med ein fiolin kan du trille fram flotte melodiar, anten melodiar du har høyrt før, eller du kan lage dei sjølv. For å treffe dei rette tonane må du lytte deg fram, og øve jamt og trutt.

I samspel med andre blir dette enda lettare og artigare. Med bogen som du stryk over strengane, kan du skape nydelege tonar, når du har lært å bruke den. Ein får raskt eit personleg forhold til ein fiolin.

Fiolin er eit lite og kjekt instrument som du kan ta med deg rundt. Det blir brukt i mange samanhengar; i orkester, i små grupper, heilt åleine, i band eller som folkemusikkinstrument.

Dei fleste som byrjar på fiolin i kulturskulane i Valdres, spelar også på nybegynnersamspel "Veslefrikk".  

Valdresstrykerne er orkesteret for dei vidarekomne elevane. Øvingane blir halde på Fagernes på tre ulike nivå. Orkesteret gjev konsertar og arrangerer seminar og turar både i inn- og utland.

Frå ungdomsskulealderen er det mogleg å bli med i Landstrykerne, eit ungdomsorkester for elevar frå heile Innlandet.

Aldrer: frå ca. 6 år
Lærar: Eivind Dølerud

GRATIS OG UFORPLIKTANDE PRØVETIME! 
TA KONTAKT PÅ 951 74 611 (Eivind)

Kulturskula_trykk-2-2.jpg

Foto: Lukkeleik

bottom of page