top of page

HARDINGFELE

Som elev på hardingfele får du del i ein unik musikktradisjon som har vore levande i fleire hundre år i Vestre Slidre, og som ikkje finst nokon annan stad i verda! I starten lærer du å handtere instrumentet og enkle songar og melodiar. Etter kvart dukkar vi inn i dei tradisjonelle slåttane.

Undervisninga er hovudsakleg basert på gehør og visuell læring, men etterkvart kan elevane også lære å bruke notar.

I tillegg til den ordinære undervisninga har alle elevar tilbod om å vere med på FolkemusikkUng på Valdres Folkemuseum. 

Elevar t.o.m. 7. trinn har også tilbod om samspel med hardingfele- og fiolinelevar frå heile Valdres, ca. 3 onsdagar i månaden på Fagernes.

  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
Hardingfele-susanne.jpeg

Foto: S. Engelmann

bottom of page