VESTRE SLIDRE KULTURSKULE
Vårkurs i IMPROTEATER
Vanleg teaterundervisning i kulturskulen er ferdig med framsyningane av Annie på Fagernes før påske. Men nå kjem kulturskulen med ein tilbod om improteater for alle som vil etter påske.
– Ein treng ikkje ha vore med på teater tidlegare.
​
Kva er improteater?
Improteater handlar om å skapa historier, scener og karakterar på sparket – utan manus! Gjennom leik, humor og samarbeid får du utvikla spontaniteten din, styrka sjølvtilliten og har det gøy saman med andre.
​
Kvifor bli med?
Dette kurset gir deg:
-
Ein arena for å eksperimentera, le og læra saman med andre som likar teater.
-
Ei unik moglegheit til å trene på å vere meir spontan.
-
Artige øvingar som styrkar kreativiteten og samarbeidsevna.
-
Mer lek og mer latter
Instruktør med solid erfaring
Kurset blir leia av Heidi Bragerhaug, som har vakse opp i revymiljøet i Valdres og har mange års erfaring med improteater frå Oslo Improteater. Ho er ein engasjerande instruktør som gler seg til å dela kunnskap og inspirera elevane vidare.
Praktisk informasjon
Torsdagar kl. 14:15 – 15:45
Frå påske til sumarferien
Stad: Olbergsalen/gymsalen
Alder: Frå 6. klasse
Pris: kr. 200,-
Påmeldingsfrist: 22.04 kl.12:00
​
Påmelding til
