top of page

LANGELEIK

Langeleiken er eit folkemusikkinstrument som har djupe røter i Valdres. Undervisninga er gehørbasert, så du lærer ved å sjå, høyre og herme etter læraren. I undervisninga vil du lære speleteknikk og tradisjon for å setja musikken inn i den historiske samanhengen. Låttane ein lærer er stort sett unike for langeleiken, men der det er mogleg vil vi òg knytte instrumentet til nyare musikk.

​

2024 er eit jubileumsår for langeleiken, då er den eldste daterte langeleiken 500 år!

 

Undervisninga foregår mest ein til ein, men kan vere par om ønskeleg.

​

Ein gong i månaden kan eleven vere med på FolkemusikkUng og spele saman med andre langeleikspelarar i Valdres. FolkemusikkUng er eit samlingspunkt for alle elevane i Valdres som held på med tradisjonsmusikk eller -dans. Det foregår på museet på Fagernes.

 

Alder: Frå 6 år

  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
Langeleik-AdobeStock_516320718.jpeg
bottom of page