top of page

MUNNHARPE

Munnharpe er blant verdas eldste instrument. Den norske tradisjonen fokuserer på melodispel, i motsetning til mange andre stader i verda der det er meir fokus på rytme og imitasjon av naturlydar. Munnharpa er svært hendig sidan ein kan putte ho i baklomma.

Undervisninga er gehørsbasert. I starten handlar det om å få lyd og å få til enkle slagmønster og melodiar, før ein tek fatt på eigne munnharpeslåttar. I Valdres, saman med Setesdal og få andre regionar, har munnharpetradisjonen vore ubroten, så det fins ein heil del spennande lokalt stoff for munnharpe.

For litt vidarekomne elevar kan munnharpa også brukast i samspel.

Alder: Frå 6 år

Lærar: Magne Olav Selland

  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
Munnharpe.jpeg
bottom of page