VESTRE SLIDRE KULTURSKULE
PIANO
Årsakene til at barn og unge vil begynne å spele piano kan vere høgst forskjellige. Det å lære seg å spele piano vil utvikle eleven både på det musikalske og personlege planet. For å nå sine mål, må eleven skape seg en struktur for øving og utvikling. Dette inneber at det må gis plass for å tilby mange ulike aktivitetar og arbeidsformer for å imøtekoma behovet til elevane. Elevane skal i første rekke oppleve meistring og glede gjennom å skape musikk.
Elevane får også opplæring i noter, grunnleggande teori og gehørspel. Mange komponistar har komponert musikk spesielt for born, slik at dei kan spele originalskriven musikk heilt frå nybegynnarstadiet.
Ein treng ingen spesielle forkunnskapar, men ein må ha instrument heime. (Om du ikkje har piano, kan du leige eit av kulturskulen.)
Alder: frå 5 år
Lærarar: Odd Arne Erlandsen og Jovita Bergheim
Foto: Lukkeleik