top of page
TEATER
Teatergruppa har eit tett samarbeid med Valdres barne- og ungdomsteater om ei større framsyning på våren, på Fagernes kulturhus. Då får teaterelevane våre opptre saman med mange teaterglade born og unge frå heile Valdres.
Døme på framsyningar: Annie, Robin Hood, Folk og røvarar i Kardemomme by, Emil i Lønneberget, Trollmannen frå Oz, Ronjas Røverdatter og Hakkebakkeskogen.
På teater lærer ein både skodespelarteknikk, song og dans. Det er øving kvar torsdag i Trykkeriet kulturarena på Fagernes. Elevane blir med i aldersdelte grupper saman med andre elevar frå heile Valdres. Mot framsyninga om våren blir det òg helgeøvingar og ekstra øvingar i vekedagane etter skuletid.
Alder: Frå 3. klasse
Lærar: Anica Seljestad

bottom of page