VESTRE SLIDRE KULTURSKULE
TORADER
Toradar er eit lite trekkspel med to knapperadar på diskanten. Du får fram melodi med ein jamn rytme når du kombinerer diskant og bass.
I kulturskulen lærer du i utgangspunktet gamaldanslåtar, men også tradisjonslåtar som laus og springar dersom du vil. Er du interessert i å spele andre ting, legg me til rette for det, men utvalet av tonar på toradaren er noko avgrensa, så det er ikkje alle melodiar ein kan spele.
Du lærer også grunnleggjande teknikk og ulike måtar ein kan forme låttar på, så vel du kva måte du har lyst til å bruke sjølv.
​
Toradaren spelar ofte saman med andre og gjerne i orkester med bass og gitar. I kulturskulen kan me legge opp til noko samspel dersom du ynskjer det.
​
Opplæringa er i utgangspunktet gehørbasert. Du ser og høyrer på læraren og hermar. Det blir lagt ut innlæringsvideoar på Speedadmin som kan brukast i innlæringa heime. Me kan også skrive toradarnotar dersom det er ynskjeleg.
​
Ein gong i månaden kan du vere med på FolkemusikkUng og spele saman med andre langeleikspelarar i Valdres. FolkemusikkUng er eit samlingspunkt for alle elevane i Valdres som held på med tradisjonsmusikk eller -dans. Det går føre seg på museet på Fagernes.
Alder: Frå 7 år​

Foto: Lukkeleik